Honningbarnas fagre nye verd

Honningbarna. Foto: Magnus Nordstrand
ANMELDELSE: Honningbarna omfamnar dystopien og raseriet på Soft Spot. Heldigvis er humoren aldri langt unna.
*Karakter nederst i saken*
Edvard Valberg uttrykker bekymring over å leve i ei Elon Musk-simulert verd når Honningbarna opnar sitt sjuande album.
Over lett perkusjon, mørk gitarklimpring og ein gradvis meir intens synth(lyd), målar vokalisten fram sjølvopplevde (går eg ut frå), men også framtidsfablande erfaringar.
Som at han fyller 40 og John Carew kallar han besteven, og at det er «tingan æ har planlagt som har ledet til de største skuffelsane».
Han er 70 og les Kvardag av Olav H. Hauge, men skjønner framleis «ikke hva faen det er han prater om».
Å framstille Hauge, den jordnære og folkekjære poeten og fruktbonden som ein slags tåkefyrste, går kan hende inn i Valberg sitt systemkritiske prosjekt.
Gjennom albumets 13 spor snerrer han mot falske vener, nedlatande psykologtanter, mellomleiarar i DNB og uredelege personalsjefar – for å nemne noko.
Den som kjem best ut av det heile, er Kristian Valen, komikaren som gjekk amok med maskinpistol på hotell og blei utsett for ein politirazzia.
«Tar du vare Kristian / Æ håper det», skrik Valberg, før flerrande, maskinpistol-aktige gitarar hugg til i lydbildet.

Krakilske trommer og buldrende bass
Pønkarane frå Sørlandet er hardtslåande og energiske også denne gongen. Veggar av gitarar, krakilske trommer og buldrande basslinjer borer seg inn i irrgangane.
På dystre Schäfer er det gitar-åtak på gitar-åtak, medan Valberg ropar ut om at «hvis det er et bedre liv der ute så ska æ ha det».
Det er ein låt om det forgjengelege og – for å seie det med Hauge – kvardagslege.
Vi fødast og vi døyr – «skrevende over en grav» — om eg kan tillate meg å sitere Zapffe på Valbergs vegner.
På lagnadstunge Amor Fati er frontfiguren og tekstforfattaren meir sjølverkjennande og legg ut om mareritt for å bli kynikar, eller å vere sitt eige coverband.
Låten når ikkje heilt når opp mot dei andre spora som trer fram undervegs.
Særleg mot slutten er formtoppen tydeleg, som at alt det oppbygde raseriet går over i ei større eruptiv, og kreativ, eining, så som på Rød bic, og Heute ist mein Tag – kan hende ein medvite, eller uforutsett, referanse til den tyske euroodance-artisten Blümchen.

Variert lyd
Songane er fulle av livlege bilete, vittige one-linearar («Æ har sett Picasso / det ække sånn fjes ser ut») og pop-hooks som set seg i hjernebarken.
Det er ikkje første gong Valberg bruker økonomi-metaforar for å skildre såvel tidsånd som sjelsliv, men det funkar også her, anten han sit med ein revisor inne i hjartet, sjelen som er bankerått eller at «kapital og kreatin er drømmen min».
Likevel er det mest slåande ved skiva kor variert ho lyd.
Innimellom den klassiske hardrocken er det også plass for «snillare» post-punk (Festen som aldri stopper tar meg for eksempel tilbake til The Strokes anno Is This It).
God gutt, med sin industrielle, mekaniske rytmikk, flørtar på si side med den dunkle klubbmusikken.
Låtens oppbygning og pulserande avslutning formeleg skimrar av seine netter på sveitte dansegolv.
Sjangerkryssande som plata er, er det når alt kjem til alt primalrocken som er Honningbarnas omdreiningspunkt.
Og Valbergs stadig skarpare poplyrikk, kroppsleggjort og politisk på samme tid.
«No pasaran ved mi inste grind», som han skrålar på King Spud, med referanse til både Halldis Moren Vesaas og det anti-fasistiske slagordet.
Som for førre skive, den unisont kritikarroste Animorphs, er det den allestadsnærverande produsenten Erlend Mokkelbost som sit ved spakane.
Han styrer bandet sjølvsikkert mot nok ei kreativ triumfferd. Når den heftige metalcoren på sistelåten Ultraøyer, der gitarane høyrest ut som motorsager, tonar ut med eit drønn blir det useieleg stille i rommet.
Soft Spot er lyden av ei samtid som kanskje går i dass, men der det gjeng an å leve i kvardagen óg.
Karakter:
8 / 10
Honningbarna – Soft Spot (album)
Følg oss på Tiktok, Instagram, Bluesky og Fjesboka
LES OGSÅ: