Nokre seier at eg var skuleflink, eg pleier berre å seie at eg vart middelmådig veldig tidleg

Andreas Hadsel Opsvik som born. Foto: Min mor

Gjennom ei lite utfordrande obligatorisk skulegang, og ein kræsj inn i høgare utdanning, har Noreg laga meg.

I Bergens Tidende har det dei siste vekene gått ein diskusjon om dei skuleflinke borna.

Først, som ein reaksjon på artiklane «hvert år» om elevar som går ut av vidaregåande med berre seksarar på karakterarket, kom Alexander Skadberg med spørsmål om ein ikkje kan fokusere på dei mindre sterke elevane sine prestasjonar også.

Så var det Knut-Eirik Baade som seier at også dei sterke elevane har utfordringar det ikkje blir satt fokus på.

Eg kjenner meg mest igjen i den siste.

Eg fekk ikkje berre seksarar, men eg gjorde det godt.

Gjennom grunnskulen fekk eg diverse lovnader om meir utfordrande oppgåver, men aldri faktisk gjennomføring av dette. Med unntak av dei praktisk-estetiske faga musikk og kunst & handverk – som eg vil hevde var særs gode på grunnskulen i Lærdal – var det sjeldan utfordringar for dei som kjeda seg gjennom oppgåver dei såg på som enkle.

«Ingen får mestring av å få til det de på forhånd vet de behersker,» skriver Baade.

Du lærer ikkje å lære, når du ikkje får bruk for evna til å lære deg noko.

LES OGSÅ: Riddu Riđđu mottar formidlerpris

Redninga var internett

I motsetning til Baade meiner eg kanskje at tida kan omtalast som ein dans på roser, men at dansen ikkje gav grobotn for ei framtid når det blir slutt på rosene.

Den skuleflinke kan gjerne bli ein av «dei einsame». Heldigvis fann eg tid og rom og samfunn rundt dataspel og kreativ utfolding og diskusjon på internett.

No skal eg ikkje seie at det på noko måte har gått dårleg for meg, men 10-13 år totalt utan bygging av studievaner fordi «eg klarer det jo om eg berre les litt før prøver/eksamen», påverka sjølvsagt litt.

Møtet med høgare utdanning vart difor hard. Eg var (er?) på ingen måte ein god student, og søkte tilflukt i Studentradioen i Bergen i staden.

Teknisk sett, sidan eg fekk meg ein jobb før ferdig utdanning, er eg ein dropout – ein klassisk halvstudert røvar med to uferdige bachelorar.

UiB likte meg heldigvis godt nok til at eg fekk jobb der eit tiår etterpå, trass at dei har tilgang på heile vitnemålet mitt.

I bunn og grunn er eg nok ikkje ein teoretikar, så kanskje er eg ikkje den denne samtalen snakkar om, eigentleg? Om noko er eg ein praktikar som likar å vite kvifor praksisen er slik den er.

LES OGSÅ: Svensk gangsterrap-forfatter: – Om ikke musikken fungerer som en vei tilbake til samfunnet, kan den ha motsatt effekt

LES OGSÅ: Generasjon Y, eller generasjon fucking jävla kuk-Åmål 

Yrkesfag – perfekt for den skoleflinke

Det var difor yrkesfag, som Medier og Kommunikasjon var i si tid, fungerte veldig bra for meg. I Sogndal var det fullt av NRK-journalistar som lærarar, med høgst praktisk tilnærming til faget og små pensumlister – men i kombinasjon med grunnskulen budde det meg dårleg for ei universitetsframtid.

Gjennom ei lite utfordrande obligatorisk skulegang, og ein kræsj inn i høgare utdanning, har Noreg laga meg: ein fyr som er flink på å raskt setje seg overfladisk inn i ting, og produsere noko middelmådig frå kunnskapen – den perfekte kommunikasjonsrådgjevar!

«Åh, stakkars skuleflinke bornet!» tenkjer nokre kanskje, lettare sarkastisk.

Og ja, i diskusjonen om skuleflinkheit er det lett å framstå som privilegiert.

Om noko, så ynskjer eg ikkje å bli verken gratulert eller unnskulda for fortida mi.

Til sjuande og sist meiner eg faktisk at det er viktigare å ta vare på dei som fell utom på andre sida av Gauss-humpen enn meg.

Eg trur faktisk ikkje AS Noreg kom særleg i skade av at eg aldri skriv ein doktorgrad, men det får eg heller aldri vite.

Følg oss på TiktokInstagramBlueskyX og Fjesboka

Del dette

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Kulturplattformen TBA