Prosjektet Det Nye Nord tok Moddi til smelteverkshallar og laksemerder. Likevel var det ein raptekst som gav han den store openbaringa.
Bodø, ein solfylt haustdag i september, før mørketid og kulde: Sju musikarar og låtskrivarar med tilknytning til Nord-Norge er samla i det legendariske Store Studio for å spele inn resultatet av to år med musikalsk samarbeid.
Mannen bak prosjektet, Pål Lue, hakket meir kjent som Moddi, sit barbeint på ein stol og klimprar på gitaren.
Lars Bremnes blæs liv i saksofonen og låtskrivarane gjer dei siste førebuingane – skjerpar diksjonen, går over tekstlinjene – før innspeling og konsert.
Risten Anine Gaup sit konsentrert i ein sofa og skriv ned teksten til Merdekant, Moddis ode til lakserøktarane. Meir om den seinare.
Kva slags prosjekt er dette?
Risten Anine Gaup skriv ned teksten til Merdekant, Moddis ode til lakserøktarane i Andfjorden. Foto: Sondre Åkervik
Vi hukar tak i primus motor, Moddi, medan han tar ein matbit før konsert og inspeling. Den karismatiske og tilsynelatande allestadsnærverande artisten er ein mann med mange jern i elden.
Han har reist verda rundt og samla inn songskattar, han har vore ein konstant torn i kjødet for oljebransjen og han har eit nært kameleonsk uttrykk.
Du veit liksom aldri kva han dukkar opp med neste gong. Sett bort frå strikkegensaren og den openberre avsmaken for sko i offentlige settingar, vel og merke.
For eit par år sidan flytta han heim til Senja der han no lever eit «ganske kjedeleg middelklasseliv».
Kanskje ikkje akkurat ein situasjon som forløyser songar og kreative visjonar på denne sida av Knausgård.
Derfor tok han initiativ til å sende seg sjølv – og seks andre musikarar – ut på tur, ut av den trygge komfortsona, og inn i nye musikalske rom for å fornye poesien om landsdelen.
Under namnet Det Nye Nord, har dei reist frå Helgeland i sør til Honningsvåg i nord i over to år.
Det omfattande musikalske samarbeidsprosjektet er eit initiativ mellom Moddi, Nordland fylkesbibliotek, folkebiblioteka i Nordland, Bodø 2024 og Festspillene i Nord-Norge.
– Eg ville ha songar som ikkje kunne ha blitt skrivne viss ein berre sat heime framfor tastaturet, seier Moddi om ideen bak Det Nye Nord. Foto: David Engmo, Bodø2024. Lars Bremnes og Ingvild Austgulen lot seg inspirere av dei idylliske omgjevnadene i nord. Foto: David Engmo, Bodø2024.
Under huden og ut i felten
Oppdagingane undervegs i prosjektet har vore mange, innleier Moddi.
Men viss han skal trekke fram noko, må han tenke seg om ei god stund.
– Å gud, det er vanskeleg å vite kor eg skal begynne.
Han kremtar og begynner på nytt:
– Eg ville ha songar som ikkje kunne ha blitt skrivne viss ein berre sat heime framfor tastaturet.
Ved å sende folk ut i felt, var målet at låtane skulle komme meir konkret under huden på samfunnet, utdjupar han og nemner seg sjølv som døme:
Vanlegvis når han skriv, er det eit miljøperspektiv involvert.
– Denne gongen brukte eg derimot mykje av tida mi på feltopphald med folk frå oppdrettsindustrien. Og når du er der på toppen av merda så ser du veldig lite av dei daude fjordane. Du går ikkje rundt og er redd for lakselusa, økokollaps og alle dei tinga der, tilstår Moddi.
Låten Merdekant er, stikk i strid med Moddis vante perspektiv, ei harmonisk framstilling av livet som lakserøktar.
Over lette durakkordar og forsiktig perkusjon, målar Moddi fram stemningsfylte bilde:
Verden gynge / himmelen flyt / havet drønne / der båran bryt / kvervelstraum på kvervelstraum / små brott av diamant / funkler mot en hellig kraum / på en merdekant.
Moddi i merda på Flakstadvåg Laks sin lokalitet Halvardsøy utanfor Senja. Einaste økologiske lakseoppdrettaren i Nord-Noreg. Foto: Jørgen Nordby
Moddi i merda
Er det interessant å prøve å ta eit anna perspektiv enn sitt eige?
– Det er alltid fleire sider av ei sak, meiner Moddi.
– Sjølvsagt kan du trekke fram den økologiske katastrofen som det absolutt er, og ikkje minst den etiske, men så tenker eg tilbake på dei gamle visene som blei skrive på sytti- og åttitalet om fiskekulturen, fortel han.
– Om kor utruleg jovial tilnærming dei hadde til noko som trass alt var eit massedrap. Kor du halte fisken opp frå djupet og kvelte han i titusenvis. Så legg du trekkspel over det, «hiv og hoi». Som Jenta på fileten av Trygve Hoff. Ein såg berre ting frå ei side den gangen óg, fortel Moddi.
– Og det var berre positivt – det var arbeidsplassar, verdiskaping og kultur. Så ja, det smertar ikkje meg å synge om den eine solskinsdagen eg var ute i Andfjorden og hang med lakserøktarar.
– Men er alle sidene like tunge? Vi er jo på ein annan plass no enn på syttitallet. Alt er mykje meir komplekst fordi vi har større kunnskap. Vi veit no f.eks at laks kan føle smerte. Og kor mykje fiskeindustrien forureinar. Laksen har også store mengder miljøgifter i seg. Kompliserer ikkje dette den solskinshistoria du forteljer?
– Du har heilt rett, og det var òg utgangspunktet mitt då eg først blei med ut på merdeinspeksjon. Eg har skrive fleire kritiske songar før, og lover at eg kjem til å skrive fleire, men litt av poenget med dette prosjektet var å skrive songar som folk kjenner seg att i, og det gjorde faktisk svogeren min då han fekk høyre Merdekant.
– Det er kanskje ei skjønnmaling, eller, det er ei skjønnmaling, men det er òg ei side av industrien som ingen andre har skrive om, såvidt eg veit.
Det Nye Nord
Eit musikalsk samarbeidsprosjekt mellom Moddi, Nordland fylkesbibliotek, folkebiblioteka i Nordland, Bodø 2024 og Festspillene i Nord-Norge.
Nordnorske musikarar frå Porsanger i nord til Helgeland i sør, handplukka av Moddi, har bidrege: Jon-Are Masternes (Klish), Ingvild Austgulen (Opphav), Lars Bremnes, Emil Kárlsen, Risten Anine Gaup, Frode Larsen (Kantona) og ikkje minst Moddi sjølv.
Støtta av Nordland fylkeskommune, Norsk kulturråd, Fritt Ord og Bodø 2024.
I løpet av 2022 og 2023 har sju artistar vore på feltopphald i Nord-Norge. Oppdraget deira var å lete seg seg inspirere av folket, naturen, historiene og stemninga, og skape musikk uhilda av det nostalgiske sløret ein så altfor ofte legg over poesien i nord.
Nyleg slapp Ingvild Austgulen Det Nye Nord-låten Takkesang, og kvar artist eig rettigheitane til låtane dei har laga.
Ei samleplate frå prosjektet er under planlegging, og skal etter sigande kome i løpet av 2025 på Tromsø-labelet Westergaard.
Rap-openbaring
Undervegs har det oppstått samarbeid som han ikkje hadde sett føre seg. Som at han ved eit tilfelle syng på samisk (Måhvie), eller nesten enno meir oppsiktsvekkande: at visesongaren ein kveld begynte å rappe.
Saman med Tromsø-rapparen Jon-Are Masternes, alias Klish, og Emil Kárlsen, samisk kunstnar, skodespelar og artist frå Storfjord i Nord-Troms, endte han ein kveld opp med å legge eit ordstraumande, assosiativt vers til Klish-låten Walkie Talkie.
Det er ein sår og billedrik song om barndom og oppvekst, såvidt heldt flytande av eit florlett piano.
– Det var nok ein av dei store augneblinkane for meg i prosjektet, fortel Moddi.
– Eg er jo ein kvit, privilegert middelklasse visesongar som eigentleg ikkje har noko interessant å seie. Eg har brukt heile vaksenlivet på å lære meg å synge om andre. Så høyrer eg Jon-Are kome med den låten kor han bruker sin eigen oppvekst til å gjere musikken allmenngyldig. Då innsåg eg plutseleg kor mykje faenskap som låg og ulma i barneskulen og mellomtrinnet.
– Det høyrest jo nesten terapeutisk ut?
– Nettopp, på godt og vondt. Plutselig så grev du i ting du ikkje hadde trunge å grave i. Sjølv om vi jo ikkje prater om barndommen og oppveksten på eit konkret plan, men seier det gjennom musikk og metaforar, bekjenner Moddi og ler.
Æ som trudde livet var en illusjon / lærebok / gamle pornoblad / indremisjon / no endte eg i barnehagen i et rom / no e det eg som har trua på no´n, rapper han i opningsstrofa
Klish heng seg på i sin metaforiske språkdrakt:
Og æ e bare et skolebesøk i en dyrehage / Googlesøk / kule draga og en ny krage/ stole på spøk / kule maga fulle av is/ sir at tonan e søt / men løgnan dekke ikke ubehaget
Rapparen Jon-Are Masternes, alias Klish, gav Moddi ei skikkelig musikalsk vitamininnsprøyting. Foto: David Engmo, Bodø2024.
– Visesjangeren som eg jobbar innanfor blir fort veldig intellektuell, og det skal liksom vere så strukturert og teaterinspirert i historieforteljinga. Så møter eg då Jon-Are sin mykje meir metaforiske måte å jobbe med tekst på, kor bilda kjem hulter til bulter, der samanhengen forandrar seg frå gang til gang.
Det er verkeleg første gangen på mange, mange år at eg har oppdaga noko nytt i musikk igjen, fortel Moddi – som hyllar sin medlåtskrivar.
– Eg har digga musikken hans lenge, men å komme inn under panseret på maskineriet hans var noko heilt anna. Eg har jobba med kringkastingsorkesteret (KORK), Pussy Riot og Mari Boine, reist til Honningsvåg og smelteverkshallar, men så er det i ein raptekst at eg finn den store openbaringa – ikkje ute på feltarbeid, meddeler Moddi.
– Kan du utdjupe litt meir kva denne store openbaringa bestod i?
– Når eg skriv til vanleg, har eg konstant på ein heil haug med filter. Er dette relevant for verda? Er dette noko publikum vil forstå på første forsøk? Er grammatikken hundre prosent riktig? Kan det bidra med noko positivt i livet til den som lyttar, og så vidare, fortel Moddi.
– Det å skrive saman med Jon-Are gjorde at eg la bort alle desse filtera, for eg veit jo at musikken hans berører meg og tikkar alle desse boksane sjølv om han kanskje ikkje aktivt stiller seg dei same spørsmåla.
– På den måten gjekk det an å skrive heilt andre ting, setningar kor bodskapen er gøymd mellom linjene og kan treffe folk heilt forskjellig. Det må jo for helsikke vere lov av og til, det òg.
Musikarane samla i Store Studio i Bodø for å spele inn over to år med musikalsk samarbeid. Foto: Sondre Åkervik.
Forpesta sinn
Det var ein kveld, etter ein lang dag med innspeling at Talkie Walkie-låten tok form. Mens resten av besetninga hadde lagt seg, sat Frode Larsen, Moddi, Emil Karlsen og Klish att i rommet.
Klish la fram teksten for dei andre:
Ho sa at æ sikkert burde slapp av eller walk it off / politi hente mæ i parken / snakk i walkie talk / æ har glemt alle tingan vi hadde / når vi blås av taket eneste gang vi har overtak
– Låten tar utgangspunkt i denne scena, der eg sit i ein park og politiet snakkar i walkie talkie. Det var det einaste faste, elles er innfallsvinkelen assosiativ og open, fortel Masternes om episoden der han inspirerte Moddi og Emil Kárlsen til å gå utanfor sine vante sjangerspor.
– For min del handlar det om å finne tvistar med dobbel betydning, ikkje vere for konkret, meddeler han.
– Så anten har eg forpesta sinna deira, eller så har eg fått dei til å tenke litt annleis på låtskriving, seier Masternes med eit smil.
Emil Kárlsen hugsar episoden godt.
– På spøk vart det sagt om eg ikkje hadde mitt vers klart. Då gikk det ein faen i meg, så klart eg har det, og så berre skreiv eg ned det første som kom til meg. Ofte kan det første vere det beste, og det var eit trygt rom å kunne skrive ein sårbar tekst i, seier han.
Klish lærte sjølv mykje av å studere dei andre.
– Det var interessant å sjå kor ulikt vi kunne jobbe med noko som er så likt. Eg lærte mykje av å sjå dei andre jobbe, anten det var Emil sin musikalitet, eller dei andre musikarane sin måte å snakke om og forstå musikk på, erkjenner Masternes.
Ein siste gjennomgang før opptak og konsert. Foto: Sondre Åkervik, Bodø2024.Elevar frå musikklinja ved Bodø vidaregåande skule har innteke Store Studio. Tidlegare Kråkesølv-vokalist Kristoffer Nohr Unstad (i midten av bildet) er også på plass. Foto: Sondre Åkervik.
Materialtrøttleik
I løpet av prosjektet drog artisten på feltarbeid til Gryllefjord i Senja og Træna.Træna var «bucket list» for Masternes på førehand. Her fekk han vere med ungdommar på Kulturfabrikken og besøke ungdomsskulen.
Masternes, som til dagleg jobbar som miljøterapeut i Bydel Bjerke i Oslo kommune, er oppteken av korleis utdanningsinstitusjonar og systemet kan førebyggje utanforskap og ta betre vare på barn og unge som fell utanfor.
– Som min ven Frode Larsen sa om dette prosjektet, så er det ikkje vi mellom 35 og 60 som skal representere det nye nord. Det er ungdommane på dei små stadane.
I songen Foten av et fjell reflekterer Klish over materialisme, overforbruk og kor lett det er å bruke heilt ubetydelege ting som statussymbol. Omkransa av nordnorske fjell, begynte rapparen å sette inderleggjorte naturinntrykk opp mot prangande forbruksvarer som sneakers og klede.
– Det å sitte åleine på ei hytte og sjå ut vindauget, gjer at ein kjem litt meir i balanse. For min del begynte eg å tenke over kor lett det er å la seg forføre av ting. Det handlar også om å bli eldre og å få andre vurderingskriterier enn akkurat kva merke på gensaren du har, fortel Masternes.
Mars 2024. Det Nye Nords første konsert i Svømmehallen i Bodø. Foto: David Engmo, Bodø2024.
Samiske perspektiv
Tilbake til studio. Konserten og opptaket nærmar seg. Tilstrøymande gjestar set seg til rette med hovudtelefonar på, og Moddi ber alle om å vere musestille under songane.
Ein gjeng elevar frå musikklinja ved Bodø vidaregåande skule er blant tilhøyrarane. Slampoet og bodøværing, Ingvild Austgulen, opnar med sjelfylte Takkesang, ein hyllest til naturen som likevel kjem med «ein sørgmodig klang».
Songen tar inspirasjon frå Austgulens opphald ved eit småbruk i Steigen, og skildrar gleda ved å knytte seg til Moder Jord, men også sorga over livsgrunnlaget som fell bort i periferien. Emil Kárlsen fargelegg lydbildet med eit vakkert joik-innslag.
Risten Anine Gaup går meir inn i det samiske perspektivet med låten Måhvie, som er samisk for Mo i Rana: Ein melankolsk meditasjon over kva som har gått tapt, og kva som er att, i den samiske kulturen i området.
Det som er og det om skulle være / og det som kunne komme / men som aldri skal bli.
Mo i Rana, som fleire stader i nord, har samiske spor som gradvis har blitt viska ut som følgje av industrialisering og fornorsking.
Emil Kárlsen tar også den samiske tematikken inn i prosjektet med den lystige og sydlege Siebne, som betyr Sømna på sørsamisk.
Kárlsen sette ein stadsjoik til kvar plass han var innom, som eit tilsvar på at joiken mange stader i nord har forsvunne på grunn av fornorskingsprosessen.
– Så i det «nye nord» skal joiken høyrast igjen, seier han med eit smil.
Kárlsen fortel at Det Nye Nord har gitt han eit nytt blikk på Nord-Norge.
– Eg har innsett kor mykje som er likt i Nord-Norge. Sømna (I Helgeland, journ.anm) minte meg om heimplassen min i Nord-Troms. Då eg høyrde om dei andre sine opplevingar frå opphalda, kjente eg meg óg att. Bygdene er stort sett like store, fasilitetane er dei same, sjølv om kvar plass sjølvsagt har sine særtrekk, seier han.
– Det er også vanskeleg å ikkje trekke fram klisjear under slike opphald, men når februarsola lyste over horisonten ute i Nyksund…ja, det var ganske fint.
Risten Anine Gaup og Jon-Are Masternes er klare for opptak. Foto: Sondre Åkervik
Åleine, saman
Dei lokale folkebiblioteka har spelt ei viktig rolle i prosjektet, både som vertskap og som arena under feltarbeida. På Myre folkebibliotek i Vesterålen møtte Kárlsen fleire personar som opna opp lokalsamfunnet for han med historier og fakta.
– Dei fleste låtskrivar eg kjenner er sjølvstendig næringsdrivande og lever meir på sida av samfunnet enn andre. Så det å få være med i prosjektet har kopla oss – i alle fall meg – meir på lokalsamfunnet.
På Sømna besøkte Kárlsen det som er landets største meierifabrikk, han møtte eit par som driv ein aktivitetsgard og han var innom ein pensjonistskule. På Øksnes blei han med lokale fiskarar ut på havet.
– Der låg eg stort sett vassflat i båten med sjøsjuke, mens eg prøvde å plukke opp dialektsærtrekk hos fiskarane, fortel Kárlsen og ler. Alle desse møta har inspirert artisten til å ta meir kontakt med lokalmiljøa han ferdast i.
– I desse dagar turnerer eg i samband med Finnmarksløpet. Då tok eg like godt ein telefon til den gamle gymlæraren min, som eg veit køyrer hundespann. Så besøkte eg han og fekk eit djupare innblikk i hundekøyring.
– Dette var jo noko av poenget med Det Nye Nord, å få input frå miljø du vanlegvis ikkje oppheld deg i. For meg er desse folkemøta berre berikande og ein inspirasjon i seg sjølv, fortel Kárlsen.
Ingvild Austgulen og Emil Kárlsen helser på musikkelevane frå Bodø vidaregåande skule. – Eg var sjølv elev der, fortel Austgulen. Foto: Sondre Åkervik.
Artisten trekk også fram møtet med dei andre artistane over to år.
Samarbeidet med Moddi, Klish og dei andre var ei oppdaging i at tematikken – det nye nord – kunne tolkast på mange forskjellige vis.
– For min eigen del lærte eg at ein ikkje alltid må løyse alt sjølv i ei oppgåve – men at ei låt like gjerne blir til gjennom små detaljar i møte med andre. Det blei veldig naturleg at vi bidrog på kvarandres låtar, seier han.
– Åleine oppstod det idear og skisser, men det var fellesskapsfølelsen som forma det endelege produktet.
Ei samleplate frå prosjektet er under planlegging, og skal etter sigande kome i løpet av 2025 på Tromsø-labelet Westergaard.